top of page

Eg heiter Katrine Van Tulder, er fotograf og driv Studio Katrine. 

Fotostudioet mitt ligg på ein kai i Steinstø i Hardanger, nærare bestemt i Fyksesundvegen 743. Studioet eg oftast brukar, er naturen. Ute er folk meir avslappa. Og naturen er så fin og full av mogelegheiter!  

Eg er 39 år og mellom anna firebarnsmor, kone, utdanna journalist og sjølvlærd fotograf. Eg byrja fotografera som tenåring, og etter ti år som journalist bytte eg til eit tilvære som sjølvstendig næringsdrivande fotograf i 2014. I dag driv eg firmaet FjordMoods AS saman med ektemannen min. Studio Katrine er min del. 

Eg elskar å fanga øyeblikk!

Eg forevigar stemningar og kjemi mellom menneske. Kjensler gjev gode bilete. Min mest brukte instruks når eg fotograferer brurepar, familiar, sysken eller kjærastar er "Ver glade i kvarandre!". Det gjev fine resultat. Eg likar det ekte betre enn det oppstilte. 

 

Her på studiokatrine.no finn du informasjon om kva tenester eg tilbyd. 

Kontakt meg gjerne om du lurer på noko! 

bottom of page