BORN
Ta kontakt her for å bestilla barnefotografering. Saman finn me tid og stad.
Fotograferinga kan føregå i studioet mitt i Steinstø eller ute i det aller finaste studioet: Naturen. Har de ein stad de likar godt eller som de har eit spesielt forhold til, kan me gjerne ta fotograferinga der.
Fotograferinga tek om lag ein time. Ynskjer de både studio- og utefotografering, reknar me halvannan time.
Ta gjerne med to–tre ulike antrekk. Vel gjerne einsfarga klede, og i alle fall klede utan logoar og figurar. På utebilete gjer det seg godt med strikka klede.
Også sysken kan vera med på fotograferinga.
PRIS:
Fotografering i inntil 1 time, inkl. 3 digitale bilete: 3.800 kr.
Fleire bilete enn 3 kostar 560 kr. per stk.
Fotografering i meir enn 1 time kostar 600 kr. per påbyrja halvtime.
Køyring til fotooppdrag kostar 200 kroner per påbyrja halvtime.
Pakkeløysingar:
Fotografering i 1 time, inkl. 10 digitale bilete: 5.900 kr.
Fotografering i 1 time, inkl. 15 digitale bilete: 7.100 kr.
Fotografering i 1 time, inkl. 20 digitale bilete: 8.300 kr.
Alle prisar er med moms.
GENERELL INFORMASJON
Eg tek mange bilete under fotograferinga, og de treng ikkje velja kor mange bilete de ynskjer før etter at de har sett resultatet.
Eg deler dei beste bileta digitalt med vassmerke, og de får velja kva bilete de vil kjøpa.
De får faktura tilsend elektronisk når de har valt kor mange bilete de ynskjer.
Når fakturaen er betalt, redigerer eg bileta dykkar i farge og svartkvitt og deler dei igjen i høgoppløyseleg kvalitet.
Stundom kan det gå 14 dagar frå betaling til levering av biletfilene.
Har du spørsmål, må du gjerne stilla dei her.