top of page
facebook-10.jpg

KONFIRMANT

Ta kontakt her for å bestilla konfirmantfotografering! 

Ver gjerne ute i god tid. 

Eg tek berre konfirmantbilete utandørs. Fotograferinga treng ikkje finna stad på sjølve konfirmasjonsdagen, me kan ta bilete den tida på året de likar best.

Eg fotograferer gjerne konfirmanten i både finklede og kvardagsklede. Då byrjar me med konfirmantbilete i finstasen, og så tek me ungdomsportrett etterpå. Då kan konfirmanten byta til klede han eller ho brukar til vanleg, og me tek meir personlege bilete. Det er lov til å ta med musikkinstrument, fotball, kjæledyr eller anna som viser kven konfirmanten er. 

PRIS:

Fotografering i inntil 1 time, inkl. 3 digitale bilete: 3.800 kr. 

Fleire bilete enn 3 kostar 560 kr. per stk. 

Fotografering i meir enn 1 time kostar 600 kr. per påbyrja halvtime. 

Pakkeløysingar:

Fotografering i 1 time, inkludert 10 digitale bilete: 5.800 kr. 

Fotografering i 1 time, inkl. 15 digitale bilete: 6.900 kr. 

Fotografering i 1 time, inkl. 20 digitale bilete: 8.300 kr. 

GENERELL INFORMASJON

Eg tek mange bilete under fotograferinga, og de treng ikkje velja kor mange bilete de ynskjer før etter at de har sett resultatet. 

Eg deler dei beste bileta digitalt med vassmerke, og de får velja kva bilete de vil kjøpa.

De får faktura tilsend elektronisk når de har valt kor mange bilete de ynskjer. 

Når fakturaen er betalt, redigerer eg bileta dykkar i farge og svartkvitt og deler dei igjen i høgoppløyseleg kvalitet. 

Stundom kan det gå 14 dagar frå betaling til levering av biletfilene.

 

Har du spørsmål, må du gjerne stilla dei her. 

bottom of page