top of page
IMG_7622.jpg

NYFØDD

Ta kontakt her for å bestilla nyføddfotografering. Saman finn me tid og stad. 

Det er lurt å bestilla i god tid før termin, så held eg av tid til fotograferinga. Når babyen er komen, gjev de meg beskjed, og så finn eg ei tid som høver. 
Om du ikkje har bestilt time og du har ein nyfødd du ynskjer bilete av, må du sjølvsagt også berre ta kontakt. Eg gjer mitt yttarste for å finna tid til fotografering. 

Me kan ta bilete i det varme og trivelege fotostudioet mitt i Steinstø, eller heime hjå den nyfødde. 

Fotograferinga bør helst skje når babyen er ein stad mellom sju og fjorten dagar. I den alderen søv borna ofte godt, og då er det størst sjans for å få fine bilete. 

Sysken kan vera med på bilete saman med babyen heilt i starten av fotograferinga, men resten av tida treng eg ro til å ta fine bilete av berre babyen. Eg fotograferer også gjerne den nyfødde saman med foreldra. 

Eg har tepper, huer, saueskinn og diverse pynt, så de treng ikkje ha med noko spesielt. Det er fint om foreldra har einsfarga genser eller skjorte på, gjerne kvit- eller svartfarga. 

PRIS:

Fotografering i 2 timar, inkludert 3 digitale bilete: 4.700 kr. 

Fleire bilete enn 3 kostar 560 kr. per stk. 

Pakkeløysingar:

Fotografering inkl. 10 digitale bilete: 6.900 kr. 

Fotografering inkl. 15 digitale bilete: 7.900 kr.

Fotografering inkl. 20 digitale bilete: 9.300 kr. 

 

Spesialtilbod: 

Gravidfotografering (inkl. 5 digitale bilete) og nyføddfotografering (inkl. 10 digitale bilete): 9.300 kr. 

Alle prisar er med moms.

GENERELL INFORMASJON

Eg tek mange bilete under fotograferinga, og de treng ikkje velja kor mange bilete de ynskjer før etter at de har sett resultatet. 

Eg deler dei beste bileta digitalt med vassmerke, og de får velja kva bilete de vil kjøpa.

De får faktura tilsend elektronisk når de har valt kor mange bilete de ynskjer. 

Når fakturaen er betalt, redigerer eg bileta dykkar i farge og svartkvitt og deler dei igjen i høgoppløyseleg kvalitet. 

Stundom kan det gå 14 dagar frå betaling til levering av biletfilene.

 

Har du spørsmål, må du gjerne stilla dei her.  

bottom of page