
FAMILIEFOTOGRAFERING
Ta kontakt her for å bestilla familiefotografering!
Saman finn me tid og stad.
Eg tek helst familiebilete ute. Eg har mange stader eg likar godt å fotografera, men om de har ein stad de har eit spesielt forhold til, møtest me gjerne der.
Eg fotograferer heile familien saman, men også borna kvar for seg, syskena saman og foreldra saman. Har familien dyr, er dei sjølvsagt velkomne med på fotograferinga.
PRIS:
Fotografering i inntil 1,5 time, inkl. 3 digitale bilete: 4.200 kr.
Fleire bilete enn 3 kostar 560 kr. per stk.
Fotografering i meir enn 1,5 time kostar 600 kr. per påbyrja halvtime.
Pakkeløysingar:
Fotografering i 1,5 time, inkl. 10 digitale bilete: 6.450 kr.
Fotografering i 1,5 time, inkl. 15 digitale bilete: 7.500 kr.
Fotografering i 1,5 time, inkl. 20 digitale bilete: 8.850 kr.
Alle prisar er med moms.
GENERELL INFORMASJON
Eg tek mange bilete under fotograferinga, og de treng ikkje velja kor mange bilete de ynskjer før etter at de har sett resultatet.
Eg deler dei beste bileta digitalt med vassmerke, og de får velja kva bilete de vil kjøpa.
De får faktura tilsend elektronisk når de har valt kor mange bilete de ynskjer.
Når fakturaen er betalt, redigerer eg bileta dykkar i farge og svartkvitt og deler dei igjen i høgoppløyseleg kvalitet.
Stundom kan det gå 14 dagar frå betaling til levering av biletfilene.
Har du spørsmål, må du gjerne stilla dei her.



